mandag 18. oktober 2010

Novelletolkning av "Guten og Sanninga"

Novella "Guten og Sanninga" er skreve i ein kronologisk rekkefølgje. Det er ikkje noe tilbakeblikk, og sluten blir ikkje fortalt fyrst. Forteljaren i teksten er autoral, han ser sanninga utanfrå og gjengir den i novella. Personane i forteljinga er guten, sanninga og mora til guten. Guten blir skildra som veldig forsiktig, snill, pliktoppfyllande, trufast og lydig. Sanninga blir skildra som jenta over gata, ho styrar over guten, seier at han berre kan vere med ho og ingen andre, og ho vil ikkje gjere noe ikkje er sant. Derfor kan ikkje guten det heller. Ho blir beskrive veldig dyster, eg ser ho for meg so ei svartkledd og bleik, kjedelig jente. Ho er veldig kontrollerande over guten. Mora blir nesten ikkje nemnt i teksten, men ho blir beskrive som at ho bryr seg om guten, og er litt bekymra for at han berre er med sanninga.

Teksten er veldig enkelt skrive, men det er ein metafor som går igjen. Kjærasten til guten som heter sanninga (han gjorde alltid det ho sa), er ein metafor for at han alltid fulgte sanninga og var ærlig.

Bodskapet i teksten er at om du alltid følgjer sanninga og ikkje vil vere med på noe som ikkje er sant (kino, bøker, musikk, bilder osv.), så går du glipp av veldig mykje og vil aldri leve heilt ordentlig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar